Retningsliner for elevplass ved Tysvær kulturskole

Elevplass

Kulturskolen er eit tenestetilbod som først og fremst rettar seg mot barn og unge i kommunen. Vaksne over 21 år kan berre få plass i det ordinære tilbodet ved ledig kapasitet, eller på tilbod som rettar seg spesielt mot vaksne.

Elevplass ved kulturskolen gjeld for eit år. Elevar reserverer plass for nytt skuleår ved re-registrering innan 1.mai kvart år.

Elevplass er personleg og kan ikkje overførast til andre, til dømes søsken.

Oppseiing av elevplass må skje skriftleg ved e-post eller brev til administrasjonen i kulturskolen. Lærarar kan ikkje ta i mot utmelding.

Oppseiingstida for elevplass er 3 månader, gjeldande frå den 1. i månaden etter skriftleg oppseiing. Nye elevar har to prøvetimar og kan gå frå elevplass mot eit gebyr svarande til kontingent for 1 månad.

Elevplass på teater er det bindande for heile skuleåret grunna førestilling. Elevar på teater som vil seie frå seg plassen, må gjere dette innan 1.oktober, for å sleppe faktura i vårsemesteret.

Det vert ikkje gitt permisjon frå elevplass, unntak er langvarig sjukdom.

Elevbetaling

Prisar vert fastsett av kommunestyret årleg i samband med nytt budsjettår. Justering av kontingent skjer frå 1.januar.

Det vert gitt reduksjon i kontingent ved tapt undervisning ut over to gonger per semester, dersom dette skuldast mangel på vikar. Reduksjonen slår inn på faktura i påfølgande semester.

Elevar over 21 år betaler dobbel kontingent for individuell plass.

Det er høve til å kjøpe utvida undervisningstid for ekstra interesserte elevar i song og instrumentalopplæringa. Tilbodet om utvida tid har eigen kontingent.

Materiell

Elevane dekker  sjølv kostnad til  noter og anna materiell som skal brukast i undervisninga. Eigen materialavgift for teater og biletkunst.

Kulturskolen har strykeinstrument og blåseinstrument til leige.

Leige instrument må handterast varsamt. Skadar som skuldast uvøren bruk, må elevane dekke sjølv.

Pianoelevar må ha piano eller el.piano, med vekta tangentar, til øving (ikkje keyboard).

Elevar på slagverk må ha instrument heime til øving.

Undervisning  

Tilbod om elevplass innan song/instrumentalopplæring kan medføre obligatorisk deltaking i ensemble.

Kulturskolen har ei rekkje konsertar, framsyningar og utstillingar i løpet av eit skoleår. Å delta som utøvar og/eller publikum, er ein naturleg del av undervisninga.

Elevane skal møte presis og vel førebudd til all undervisning.  Utbytet av undervisninga er i stor grad avhengig av innsatsen til den enkelte elev. Føresette bør oppmuntre og leggje til rette for øving heime.

Alt fråver skal meldast til kulturskolen, enten til lærar eller via administrasjon.

Elevar som har stort fråvær, syner liten interesse, skaper disiplinære problem eller ikkje betaler kontingent, kan miste plassen sin i kulturskolen.

Opptak:

Hovudvilkår for plass

  • Søkjarar busett i kommunen
  • Søkjarar som har søkt eller re-registrert ventelisteplass innan rett frist i hovudopptak
  • Søkjarar med rett alder i forhold til disiplin/gruppe

Faktorar som gjev fortrinnsrett til plass

  • Søkjarar utan plass i kulturskolen
  • Søkjarar utan individuell plass i kulturskole
  • Søkjarar på venteliste frå førre år
  • Søkjarar som har deltatt på førskule tilbod i kulturskolen
  • Søkjarar med særskilte behov som taler for elevplass. Dette må kome fram skriftleg og blir rektor si vurdering.

Ved like forhold vert det nytta loddtrekning v/opptak.

Vedtatt i Levekårsutvalet 18.04.2018