Dagaktivitetstilbod ved Straumen aktivitetssenter er kommunen sitt tilbod til heimebuande personar med demens. Her kan ein ta del i kultur- og friluftsaktivitetar som til dømes musikk, litteratur, hagearbeid, fiske, strikking, matlaging, baking og tur i skog og mark. Ein kan òg få informasjon og rettleiing frå helsepersonell.

Straumen aktivitetssenter er ope frå kl. 09:00 til 14:00 måndag til fredag. Dei som får vedtak om dagaktivitetstilbod ved Straumen aktivitetssenter vert henta mellom kl. 08:00 og 09:00 og køyrd heim etter kl. 14:00. Det vert servert kaffi/te og lunsj alle dagar.

Målgruppe:

  • Heimebuande personar med demenssjukdom

Pris:

Betaling for dagaktivitetstilbod er i 2020 sett til kr. 90,- per dag + mat kr. 54,-.

 Lovverk/heimel

Dagaktivitetstilbod er heimla i:

 Slik søkjer du

Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om dagaktivitetstibod. Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om årsaka til det. Samstundes skal du få opplyst om når ein tenkjer seg at det vil bli gjort eit vedtak. Kommunen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Det kan i samband med dette bli gjort eit heimebesøk for å kartlegge heimesituasjonen.

 

Søknadsskjema

Søknad om Helse og omsorgstenester