Søknadspliktige tiltak skal avsluttast med ferdigattest. Når tiltaket er ferdig utført, må ein søkje kommunen om å ta i bruk tiltaket. Når søknaden er godkjent,  kan ein ta i bruk tiltaket.

Når det gjenstår mindre arbeid på tiltaket, kan ein søkje om midlertidig brukstillatelse. I søknaden må ein oppgje kva som manglar, og frist for ferdigstilling. Kommunen kan skrive ut midlertidig brukstillatelse for heile eller deler av tiltaket.

Tiltak kan ikkje takast i bruk om ein ikkje har fått midlertidig brukstillatelse eller ferdigattest.

Ferdigattest vert ikkje utstedt for tiltak omsøkt før 1. januar 1998.