Materiale frå gamle bygg kan innehalde stoff som er skadeleg for miljø og helse. For å hindre at desse vert spreidd, vert det stilt krav frå myndigheitene til handtering av byggeavfall.  Alle som skal byggje, rive eller rehabilitere bygg av ein viss storleik, skal lage plan for avfallshandtering.

Avfallsplan og sluttrapport

Du må utarbeide avfallsplan før igongsetting dersom:

  • Nybygget har bruksareal (BRA) over 300 kvadratmeter.
  • Rehabilitering eller riving gjeld del av bygning på over 100 kvadratmeter bruksareal (BRA)
  • Oppføring, endring eller riving av konstruksjonar og anlegg fører til meir enn 10 tonn avfall.
  • Etter at tiltaket er fullført, skal det sendast inn sluttrapport som dokumenterar kor mykje som er levert av dei forskjellige typane avfall. Sluttrapporten skal sendast inn i lag med søknad om ferdigattest. Kvitteringar for levert avfall skal leggjast ved sluttrapporten. Desse kan vere:
    • Kvitteringar frå avfallsmottak.
    • Deklarasjonsskjema for farleg avfall.
    • Eigenerklæring for korleis avfallet er handtert og kor det er planlagt levert. For eksempel om du har selt takstein eller malar har teke med seg restar av maling.

Avfallsplanen skal ikkje sendast inn for handsaming, men vere utfylt og tilgjengeleg for innsyn.

Relevant regelverk og blankettar:

Miljøsaneringsbeskrivelse

Det er krav om miljøsaneringsbeskrivelse ved endring eller riving av eksisterande byggverk dersom:

  • Arbeida gjeld del av bygning på over 100 kvadratmeter i bruksareal (BRA).
  • Oppføring, endring eller riving av konstruksjonar og anlegg som fører til meir enn 10 tonn avfall.

Miljøsaneringsbeskrivelsen skal utformast som ein eigen rapport av ansvarleg søkjar, jfr. byggesaksforskrifta (SAK10). Etter forskrift om tekniske krav til byggverk (TEK10) skal desse opplysningane vera med i rapporten:

  • Kven som har utført kartlegging.
  • Dato for kartlegging.
  • Byggjeår og tidlegare bruk der dette er kjent.
  • Resultat av representative materialprøvar og analysar.
  • Førekomst og mengde av farleg avfall fordelt på type.
  • Plassering av farlig avfall i byggverket.
  • Korleis farlig avfall, gjennom merking, skilting eller andre tiltak, er identifisert.
  • Korleis det farlige er planlagt fjerna.
  • Kor det farlege avfallet er planlagt levert.
  • Alle funn av farlig avfall, oppstilt i ein tabell.

Rettleiing for avfallshandtering i byggesaker finn ein hos Direktoratet for byggkvalitet.