Etter plan- og bygningslova § 21-1 kan ein be om ein førehandskonferanse med kommunen. Her har byggherre (tiltakshavar) og/eller ansvarleg søkjar møte med kommunen for å avklare føresetnadar for tiltaket, og rammene for den vidare saksbehandlinga.

Det er mogeleg å nytte seg av førehandskonferanse ved alle typar tiltak etter plan- og bygningslova. For tiltak kor du kan stå ansvarleg for utføringa av tiltaket sjølv, og ikkje treng ansvarleg søkjar, kan du møte kommunen åleine. Om du er i tvil om det er eit søknadspliktig tiltak du skal gå i gang med, kan du også bestille førehandskonferanse for å få gjort nærare avklaringar.

Ved søknadspliktige tiltak kor det er krav om ansvarleg føretak, bør både tiltakshavar og firmaet som skal ta seg av søknadsprosessen delta på førehandskonferansen, som skal haldast før eventuell søknad blir sendt til kommunen.

Bestilling av førehandskonferanse gjerast ved å sende ein førespurnad til: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.