Kommunen sitt tilsyn er ikkje avgrensa til tiltak som vert byggjesaksbehandla i kommunen, men omfattar også tiltak unntatt byggjesaksbehandling og ulovleg igangsette tiltak. Kommunen kan føreta tilsyn innan alle fagområde i eit tiltak, uavhengig av om det er krav om ansvarsrett eller om tiltakshavar innehar alt ansvar.

Kommunen kan føre tilsyn med:

  • Tiltak som vert behandla etter reglane for søknad med krav om ansvarlege føretak, jf. Pbl. § 20-3.
  • Tiltak som vert behandla etter reglane for søknad, men kan gjennomførast av tiltakshavar, jf. Pbl. § 20-4.
  • Tiltak som er unntatt saksbehandling, men kor plan- og bygningslova gjeld, jf. Pbl. § 20-5.
  • Ulovleg igongsette eller oppførte tiltak som er omfatta av plan- og bygningslova.

Tilsyn kan varslast på førehand, eller vere uanmeldt.