Brukerstyrt personlig assistanse (BPA) er ein alternativ måte å organisere tenestene praktisk og personleg bistand for personer med nedsett funksjonsevne. Det er krav om at brukar skal ha eit omfattande og langvarig behov for bistand i dagleglivet både i og utanfor heimen. Målet med tenesta er å ha eit aktivt og mest mogleg uavhengig liv til tross for funksjonsnedsettinga.

BPA inneber at brukaren har rolla som arbeidsleiar (evt. nokon som kjenner brukar godt) og tek på seg ansvar for å organisering og innhald ut frå eigne behov. Det er et krav at arbeidsleiarrolla blir forsvarleg ivaretatt. Innan timeramma som er tildelt kan brukar styra kva assistentane skal gjere og til kva tid assistansen blir gitt.

 

Pris:

Du betaler for praktisk bistand-oppgaver (heimehjelp) som blir utført, sjå praktisk bistand.  

 

Lovverk/heimel:

  • Pasient- og brukarrettighetslova § 2-1a: "Rett til nødvendig hjelp fra kommunens helse- og omsorgstjeneste"
  • Helse- og omsorgstenestelova § 3-1 første ledd: "kommunen skal sørge for at personer som oppholder seg i kommunen, tilbys nødvendige helse- og omsorgstjenester"
  • Helse- og omsorgstenestelova § 3-8: "Kommunen skal ha tilbud om personlig assistanse etter § 3-2 første ledd nr. 6 bokstav b, i form av praktisk bistand og opplæring, organisert som brukerstyrt personlig assistanse"

 

Slik søkjer du:

Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om BPA. Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om årsaka til det. Samstundes skal du få opplyst om når ein tenkjer seg at det vil bli gjort eit vedtak. Kommunen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Det kan i samband med dette bli gjort eit heimebesøk for å kartlegge heimesituasjonen.

Søknadsskjema: Søknad om Helse og omsorgstenester