Kommunal beredskap og kriseleiing

Rådmann og rådmannsgruppa har ansvar for krisehandtering og set kriseleiing ved større ulykker og uønska hendingar. Ordførar og andre tilsette med beredskapsansvar deltek i krisehandteringsarbeidet. Kommunen har utarbeida heilskapleg risiko- og sårbarhetsanalyse og overordna beredskapsplanverk til hjelp i arbeidet.

Kriseleiinga samarbeider med nødetatar og andre beredskapsorganisasjonar ved handtering av ulykkeshendingar. Psykososialt kriseteam og evakuerings- og pårørandesenter vert rekvirert om det er behov for dette. Psykososialt kriseteam kan og rekvirerast gjennom legevakt eller via kommunalsjef Helse og mestring når det ikkje er sett kriseleiing.

Tysvær kommune deltar i felles beredskapsråd og samarbeider om beredskapsoppgåver med nabokommunane Haugesund, Karmøy, Sveio, Bokn og Utsira på ytre Haugalandet. Tysvær deltek og i felles legevakt med Haugesund og er med i IUA region 44 Nord Rogaland via Karmsund havn IKS. IUA er Kystverket sine interkommunale utval for akutt forureining med avdelingar i heile landet.