Omsorg og opplæring av barn er i første rekkje foreldra sitt ansvar. Foreldre kan likevel ha behov for hjelp. Det kan til dømes vere behov for hjelp på grunn av ein vanskeleg livssituasjon. Her kan barnevernet bistå slik at barn og unge vert sikra omsorg, tryggleik og gode levekår.