Kva er foreldrerettleiing?

  • Foreldrerettleiing er eit endringsretta tiltak
  • Vi bruker familie-terapeutisk tilnærming, med element av COS, PMTO, ICDP, Fortsatt foreldre m.m.
  • Rettleiiar tek utgangspunkt i at alle familier er ulike og rettleiinga vert tilpassa familiens behov.
  • Rettleiing er eit frivillig hjelpetiltak
  • Vi jobber etter konkrete mål
  • Måla utarbeidast og gjeres skriftleg saman med foreldra/barnet i ein tiltaksplan.

Rettleiing kan gjennomførast ved:

  • Rettleiing på kontoret
  • Rettleiing i heimen
  • Familiesamtalar
  • Barnesamtalar
  • Kvardagsaktivitetar saman med familien
  • Samarbeid med andre instansar

Vårt rettleiingsarbeid:

Rettleiar vil samarbeide med foreldra om å utvikle sine foreldreferdigheiter, slik at dei blir betre rusta i foreldrerolla. Vi har fokus på familiens ressurser og nettverk. Endringsarbeid kan vere både givande og krevjande for foreldre, og endring tek tid.

Samtalane har som formål å bidra til at deltakarane i familien får auka forståing for kvarandre og kva som skjer mellom dei. Refleksjonen kan gje nye idear til løysingar på utfordringar som brakte dei til der dei er i dag.

Vi tar bl.a. utgangspunkt i at endring skjer i stor grad via refleksjon. Det blir lagt stor vekt på utvikling av samspel mellom barn og foreldre. Viktig er også å få støtte i å forstå barnet sitt og forstå si eiga rolle i kontakt med barnet. Ein rettleiingsprosess utvider også kunnskap om kjernetema trygg tilknytning og kva det inneber i kvardagen.