Besøksheim

Å vera besøksheim innebere at ein tek imot eit barn/ungdom til samvær og overnatting ei eller fleire helger i månaden, og eventuelt i feriar. Besøksheimen er eit frivillig hjelpetiltak som til familiar med særleg behov for dette. Noen barn har behov for å bli kjend med og vere i lag med andre enn sin familie. Dette for å få litt ekstra omsorg eller utvida nettverket sitt og få fleire positive opplevingar. Besøksheimen er ikkje meint å erstatta barna sin heim hos foreldra.

Barneverntenesta i Tysvær ønskjer trygge og stabile vaksne med husrom og hjarterom som kan gje barn heilt vanlege opplevingar saman med ein familie; det kan vere heilt alminnelege rutiner for legging, stell, matlaging og kjekke aktiviteter som familien finn på. Det er ikkje krav til formell utdanning og ein kan gjerne vere einsleg eller ha familie med eigne barn. Det viktigaste er at ein har overskot og plass til å ivareta eit barn med særskild behov.

Besøksheim skal godkjennast av barneverntenesta innan tiltak vert sett i gong. Søknader blir behandla fortløpande. Familien som har tatt kontakt for å bli besøksheim vil bli kontakta av en saksbehandlar frå barneverntenesta for samtalar. Saksbehandlar til barna vil foreta ei vurdering om kva barn og familie som passar saman.

Støttekontakt

Ein støttekontakt er ein trygg vaksen som aktiviserer og inspirerer til ulike aktiviteter for barn som av ulike grunnar har behov for det. Å vere støttekontakt er ein viktig oppgåve der ein får moglegheit til å vere med å gjere kvardagen til barn og unge til noko spanande og opplevelsesrikt.

Mange barn og unge kan ha ulike behov av ulike grunnar. Kanskje har dei utfordringar knytta til familieforhold, har eit lite nettverk, er fattige på opplevingar, eller så treng foreldra avlastning av ulike grunnar.

Barneverntenesta ønskjer at støttekontakten kan vere ein forutsigbar og trygg vaksenperson som representerer eit fast haldepunkt for barnet, ein som bidrar til å gje barnet nye positive erfaringer og noko å gleda seg til og se fram til i kvardagen. Barn treng vaksne som dei kan snakka med, og bli hørt og sett av.

Vi ønskjer engasjerte og sosiale vaksne med eit åpent sinn, som kan fungere som gode rollemodellar for barna. Gjennom ulike aktiviteter får barn og unge ei meiningsfull fritid der dei får høve til å lera regler og normer gjennom nye situasjonar og opplevingar.

Eksempler på aktiviter saman med barnet kan vere:

  • Gå tur i skog og mark
  • Fiske/båttur
  • Gå på kino
  • Spele fotball
  • Kafebesøk
  • Bake/laga mat i lag
  • Svømme
  • Mekking
  • Handarbeid/hobby
  • Sykkelturar
  • Bowling
  • Spill
  • Gardsbesøk