Korleis melda?

Du kan ringe via sentralbordet 52 75 70 30, eller senda brev til barnevernet. Bruk gjerne skjema for bekymringsmelding.

pdf Bekymringsmelding (131 KB)  

Meldingsskjema må ikkje sendast som e-post. Skriv ut skjemaet og lever det til Barneverntenesta eller i Servicetorget på rådhuset. Du kan også senda som brev til:

Tysvær kommune, Barneverntjenesten, Pb 93, 5575 AKSDAL

Du kan også møta opp hos barneverntenesta på Rådhuset i Aksdal. Som privatperson kan du velja å vere anonym. Viss meldinga er akutt kan du kontakta barnevernet på telefon.

Alarmtelefon for barn og unge: 116 111. E-post: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Telefon til barnevernleiar: 404 19 119

Kven kan melda?

Foreldre, vener, naboar, barnehagar, skular, helsestasjonar og andre som er bekymra for omsorgssituasjonen til eit barn kan melda frå til barneverntenesta. Offentlege instansar har plikt til å varsla barnevernet viss dei har grunn til å tru at barn vert utsett for omsorgssvikt.

Krav til meldar

Du skal melda til barnevernet når du har grunn til å vere bekymra for omsorgssituasjonen til eit barn. Du skal ikkje kunne bevise eller ha observert det du er bekymra for, men du skal kunne beskriva din bekymring og kva som er kjelda til informasjonen.

Kva gjer barnevernet?

Ved mottatte meldingar skal barnevernet snarast eller innan ei veke behandle meldinga og vurdera om saka skal:

  • undersøkjast: viss det er grunn til å anta at det er behov for tiltak etter barnevernlova
  • henleggjast: viss lovens vilkår ikkje er oppfylt eller meldinga er grunnlaus

Uansett om det er foreldre eller andre som kontaktar barneverntenesta vil det, dersom barneverntenesta finn at det er grunnlag for det, iverksettjast ei undersøking. Den skal som hovud regel vere gjennomført innan 3 månader.

Undersøkinga består av fleire samtalar med foreldre og barnet (om det er over 3 år) samt observasjonar av samspill. Det vil vere en blanding av samtalar på barneverntenesta sitt kontor og heimebesøk hos familien. I tillegg vil barneverntenesta innhenta skriftleg informasjon frå andre som kjenner barnet, men ikkj utan at foreldra er informert om kven det innhentast opplysningar frå.

Føremålet er å kartleggje situasjonen med søkelys på utfordringar og ressursar knytta til fremtidig rolle som omsorgsperson.

Ei undersøking vil kunne konkludera med følgjande: 

Henlegging
Saka kan henleggjast på bakgrunn av at det ikkje er behov for tiltak eller fordi foreldra ikkje samtykker til dei tiltaka som vert føreslått. Dersom bekymringa er stor, men foreldra ikkje samtykker vil saka bli henlagt med mulegheit for gjenåpning.

Tiltak
Til dømes rettleiing, miljøarbeid, opphald på foreldre/ barn sentre, henvisning til anna behandling, ansvarsgruppe, avlastning, fritidstiltak og i noen grad økonomisk bistand til barnehageplass.

Omsorgsovertaking
I noen tilfeller vil tiltaket bli å fremma sak om omsorgsovertaking, men då skal saka vere svært alvorleg og vurdert at andre tiltak ikkje vil vere tilstrekkeleg.