Ved opptak skal det takast omsyn til:

a. Barn med nedsett funksjonsevne dersom barnet vil ha nytte av barnehageplass

b. Barn med tilråding frå PPT, barnevernstenesta eller anna fagorgan.

c. Barn som søkjer om endring av plass eller ny barnehage innan 15. februar. Merk at søknad om endring av plass er bindande.

d. Barn som fyller eitt år innan utgangen av november det året det blir søkt barnehageplass for. Tilbodet blir gitt frå 15.august. Ved opptak bør søsken prioriterast til å få plass i same barnehage

e. Det blir nytta elektronisk trekning viss barna har same rettighet til barnehageplass.

f. Barn som fyller eitt år etter utgangen av november det året det blir søkt barnehageplass for, og som ikkje har rett på barnehageplass. Vår ref 11487/2005

g. Søkjarar frå andre kommunar kan tildelast plass ved ledig kapasitet i kommunale barnehagar.

h. Ved tildeling i løpet av året skal trekningslista frå hovudopptak nyttas.

i. Nye søkjarar etter hovudopptak vil bli prioritert etter søknadsdato. Det vil bli nytta elektronisk trekning viss søknad har same dato.

j. Viss svarfrist om tilbod om barnehageplass ikkje blir følgt, mister ein plassen og tilbodet blir gitt til ein annan søkjar.