Velkomen til innskriving for føresette med barn som skal byrja på skulen hausten 2022

Tysværvåg barne- og ungdomsskule inviterer til innskriving i skulen

Tid: torsdag 18.11. kl. 9.00-10.45

Stad: musikkrommet

Kjære foreldre og føresette

Så er tida komen for å skrive seg inn i skulen. Me gler oss til å møta dykk, og elevane.

Vedlagt finn de innskrivingsskjema og elevkort.  Det er viktig at de sjekkar at opplysningane stemmer og gjer om dei val de ikkje er samde i.

De finn og informasjon om målform i eit eige skriv. Tysværvåg barne- ungdomsskule er ein nynorskskule, så alle elevane er ført opp med nynorsk.

Elevar og føresette møter på musikkrommet. Rektor ynskjer velkommen og elevane blir lest opp. Etter kvart som elevane blir lest opp blir dei med fadrane sine.

Fadrane og lærarar vil hjelpa dei i ein aktivitet slik at dei får tid til å bli kjende med kvarandre. Når aktiviteten er godt i gang vil rektor ta imot påmelding og  informere føresette på musikkrommet. Wenche har ei kort økt om leseførebuing.

Elevane spis saman med fadrane sine, ta med matpakke og drikke.

 

NB!  Hugs å ta med utfylt innskrivingsskjema og elevkort

 

Venleg helsing

Geir Dybdahl, rektor