Hovudluskampanje

Folkehelseinstituttet oppmodar alle familiar med barn i barnehage- og skulealder til å vere med i den nasjonale halvårlege aksjonen mot hovudlus 11. og 12. mars.

Barn og tilsette ved skular og barnehagar, og dessutan familiemedlemmar, bør sjekke seg for lus. For å kjemp mot hovudlus er det viktig at så mange som mogleg sjekkar seg samtidig, slik at lus blir oppdaga og behandla samtidig.

Korleis sjekka for hovudlus?

  • Grei håret med ein lusekam (finst på apotek).
  • Grei heile vegen frå hovudbotnen til hårspissane.
  • Grei i vått hår, då det hemmar rørsla til lusa.
  • Balsam kan brukast for å lette kjemminga.
  • Tørk av kammen på eit papir eller handkle etter kvart drag og sjå etter lus. Når eventuelle lus i løpet av få minutt tørker, vil dei byrje å bevege seg.
  • Greier du i tørt hår, blir det tilrådd å stå bøygd over eit kvitt handkle eller liknande. Då kan ein få auge på lus som fell ned frå håret.

Fann du lus? Slik blir du kvitt hovudlus

Det er tre gode måtar du kan bli kvitt hovudlus på:

  • Behandling med lusemiddel (blir kjøpt på apotek). Middel som inneheld virkestoffet dimetikon blir tilrådd. Følg pakningvedlegget.
  • Dagleg kjemming av håret med lusekam i 14 dagar. Sjå lenke til instruksjonsvideo ovanfor.
  • Klippe håret kortare enn 0,5 cm.

Nyttig å vite

  • Barn som har hovudlus treng ikkje vere heime frå skule eller barnehage, men behandling bør komme i gang raskast mogleg.
  • Hovudlus er ikkje farleg, men kan bli plagsamt for den som blir ramma. Nokon opplever kløe, medan andre ikkje gjer det.
  • Hovudlus smittar ved hovud-til-hovud-kontakt, og ikkje via luer, kosedyr eller andre gjenstandar. Alle kan bli smitta av hovudlus, uavhengig av alder, hårtype osb.
  • Lus blir raskt svekt når dei er borte frå hovudet. Det er derfor ikkje nødvendig å vaske klede, møblar og bustad.
  • Utover lusekampanjen, oppmodar Folkehelseinstituttet til å sjekka for hovudlus ein gong i månaden. Oppdagar ein hovudlus, er det viktig å varsla barnehagen/skulen og dei næraste vennene slik at personar i omgangskrinsen kan auka sjekkinga si.

Takk til alle som tek lusekammen fatt og sjekkar seg denne helga, saman kan me få bukt med hovudlusene!

Les meir om hovudlus på FHI sine nettsider 

Infobrev til føresette på Russisk