God helg😊

Neste torsdag er det aktivitetsdag og denne gongen er meldingane gode, me satsar på at det blir slik dei lovar. Elevane skal i Ishallen eller på ski i Svandalen. Det blir kjekt!

Denne veka legg eg med nokre bilete frå Fiskesprell i 6. klasse. Eit tiltak for å fremje interessa for å eta og bli glad i fisk. Eg fekk smake og høyre når dei presenterte rettane. Flinke elevar som hadde laga spanande rettar som var kjempegode.

Eg legg og med bilete frå morgonsamlinga til 5. klasse som hadde tema «unge lovande». Klassen viste fram eit vidt spekter av innslag med vitsar, song, pianospel, dans, smartare enn ein 5. klassing og mykje glede. Utruleg kjekk og flott samling med eit fantastisk publikum. Me har berre flotte elevar.

Det er godt å vere tilbake til ein kvardag utan omsyn til corona, men krigen i Ukraina gjer likevel kvardagen annleis og vanskelegare enn me likar. Me må setje vår lit til at dei som styrer klarer å stagge krigen. Det blir meldt om at 4 millionar born er drivne frå heimane sine i Ukraina. Det er tal som for meg er vanskeleg å  fatta.  Me må ta vare på kvardagane og vise takksemd for at me får leva fritt i eit av verdas beste demokrati.

God helg.