Straumen skule ligg i Skjoldastraumen, ei vakker og frodig bygd som ligg lunt til ved Skjoldafjorden i Tysvær kommune, Rogaland. Her snevrar fjorden seg inn til ei smal renne og straumen går stri og sterk når sjøen går mot flo og fjære.
I dag må større båtar slusast forbi straumen for å komma vidare inn i fjorden. Me er stolte av slusene våre som blei ferdige i 1908, dei einaste saltvatnslusene som framleis er i drift i Noreg.
Skjoldastraumen som tettgrend er nok mykje skapt av gjennomfart og samferdsel på fjorden. I gammal tid var Skjoldafjorden ein viktig ”veg” mellom Rogaland og Hardangerfjord-bassenget. Heilt tilbake til Harald Hårfagre si tid veit me at denne ”vegen” blei brukt som alternativ til verharde havstykke ute ved kysten.
I skulekrinsen vår finn me fleire spennande og eineståande fornminne. Eit teikn på at staden har vore særs viktig heilt tilbake til steinalder og folkevandringstid. Her er gamle buplassar, hidlerar, gravrøyser, bautasteinar og rester etter ein heilag stad og bygdaborg.
Eit aktivt, nytenkjande jordbruk, turisme og småbedrifter er næringar som pregar livet i krinsen vår i dag. I Yrkjesfjorden som er spesielt fiskerik, blir det dessutan framleis drive eit tradisjonsrikt næringsfiske av laks og andre fiskeslag.
Om sommaren er det eit yrande liv her. Då aukar befolkninga med ferierande nordmenn og tyske turistar som nyttar både fjord og land til rekreasjon og fritidsaktiviteter.