I teori og praksis
Elevane har kvar dag ei teoriøkt. Det vil seie at me arbeider med konkrete, faglege mål. Det kan likevel vere at me brukar praktiske arbeidsmetodar for å komma fram til målet. Til dømes bygger me modellar av bygningar på garden når me arbeider med målestokk.
Me arbeider og med prosessar som går over lang tid,for å gje elevane innsikt i korleis ting heng saman og utviklar seg. Til dømes byggjer me fuglekassar som me heng opp og følger tett utover våren. Me tek bilete og registrerer antall egg og fuglar i kvar kasse. Dette materialet legg me så inn i rekneark. Her kan me få mange fine diskusjonar: Kor mange egg er vanleg, kor stor del av egga blir til fugleungar, kor mange av desse er det som veks opp og flyr ut av kassa?
Elevane som er hos oss, har likevel heimeskulen sin som sin viktigaste base. Det er her dei er det meste av tida. Her på Garden er dei berre ein eller to dagar i veka. Dei tilhøyrer den same gruppa som dei gjorde tidlegare, og dei har den same kontaktlæraren. Det er og heimeskulen som har det formelle ansvaret for all oppfølging opp mot heimane, men alle føresette er alltid velkomne hit til oss, og me møter gjerne opp på møter, foreldresamtalar o.l. om det er ynskje om dette.
Kunnskapskart
Kunnskapskarta er meint å skulle vere eit visuelt hjelpemiddel for å vise fram både arbeidsmåtar, kunnskapsmål og læringsmål innan innan ulike fag. Dei kunnskapskarta som ligg ute på heimesida, er utgongspunktet vårt, men måla kan tilpassast den enkelte eleven.