Medlemmene i styringsgruppa
1 representant frå Oppvekst- og kulturutvalet, resultatområdet Skule og Kultur, PPT, 2 representantar frå skulane og dagleg leiar.
Korleis er skulen organisert?
Sætre Gard/Sandbekken utvandrarleirskule blir oppretta som eiga økonomisk eining. Dagleg leiar rapporterar direkte til skulesjefen. Dei tilsette skal så langt det er mogleg, delta på fagleg utviklingsarbeid og personalsamlingar i samanhengar det er naturleg.
Opptak
Elevar kan ha Sætre Gard/Sandbekken som alternativ opplæringsstad enkle dagar, fleire dagar i veka eller heile veker i periodar.
Elevar som har Sætre Gard/Sandbekken som alternativ opplæringsstad er framleis elev ved "heimeskulen". Rektor og kontaktlærarar er framleis hovudansvarleg for eleven, og dette forutset eit nært samarbeid om eleven mellom heimeskulen og Sætre Gard/Sandbekken. Intensjonen er at eleven skal tilbake til heimeskulen på full tid.
Eleven og dei føresette må søkja om å få skuleplass på Sætre Gard (eige søknadsskjema). PPT kan gi tilråding om dette. Rektor på heimeskulen gjer enkeltvedtak
For enkeltelevar kan det vera naudsynt at lærar/assistent/miljøarbeidar følgjer med frå heimeskulen.
Talet på elevar som skal vera ved Sætre Gard/Sandbekken blir fastsett av styringsgruppa.
Økonomi
Sætre Gard/Sandbekken utvandrarleirskule blir eit eige ansvar i budsjettet (2105) under skulesjefen. I budsjettet ligg leigesum for anlegg/utstyr, løn til dagleg leiar og forbruksmateriell. Andre stillingar og driftsutgifter skal budsjetterast/finansierast gjennom fastsett betalingssats for kvar enkelt elev (dagpris), som skal betalast av heimeskulen. Dagpris blir fastsett av styringsgruppa.
Ved langtidsplanlegging kan ressursa heimeskulen disponerar gjennom rammetimetalet knytt til einskildelevar, overførast delvis eller heilt til Sætre Gard/Sandbekken. I slike tilfelle skal dagpris reduserast eller heilt falla bort.
Tysvær kommune har ein skriftleg avtale med Gunnar og Trygve Egge om leigesum for bruk av gard, bygningar og utstyr.
Skyss til og frå Sætre Gard/Sandbekken blir dekka innanfor det vanlege skyssreglementet gjennom Fylkeskommunen.
Forsikring
Elevane er forsikra gjennom kommunen sine forsikringsordningar og Trygdeverket slik at dei er elles i skulen og i skulane sine aktivitetar.
Planlegging/møteverksemd
Dagleg leiar skal ein dag i veka utføra naudsynt planleggingsarbeid/administrasjon og besøke heimeskulane.
Kor ligg Sætre gard?
Sætre gard ligg i Tysvær kommune, ikkje langt frå Aksdal. Skal du inn til Sætre Gard, svingar du av retning Stavanger i rundkøyringa i Aksdal. Det enklaste vidare er å følge dei kvite severdighetsskilta til Sandbekken. Du er framme når du kjem til det krysset som fører inn til Sandbekken. Kjem du over på grusvegen, har du køyrt for langt.