Ny rektor på Frakkagjerd barneskole

Lena Larsen Simonsen er tilsett som ny rektor på Frakkagjerd barneskole frå 1. august 2021. Ho overtar etter Morten Salvesen, som skal over i rektorstilling på Førre skole.

Lena kjem frå Karmøy og ser fram til å bli kjent med elevar og tilsette ved skulen. Ho er spesielt opptatt av trygt og godt skolemiljø. "For å lære må elevane vere trygge. Vidare skal vi legge best mogleg til rette for læring. Det er så enkelt og så vanskeleg. Gleder meg til å starta opp", seier den nye rektoren.

Lena Larsen Simonsen