Høyring ny strategiplan skule

«Tysværskulen mot 2025 – Strategi for kvalitet» 
Invitasjon til å gi høyringsinnspel til ny strategiplan

Strategiplan for skule i Tysvær skal reviderast i inneverande år. Ny plan for perioden 2021-25 skal opp til politisk behandling 02.06.21 (Levekår) og 15.06.21 (Kommunestyret).

Strategiplanen gir retning for elevane si opplæring og dei tilsette si profesjonsutvikling i planperioden. Planen skal bygge på nasjonale og lokale styringsdokument og vere basert på anerkjent skuleforsking.

Høyringsutkastet finn ein her:
Høyringsutkast (PDF, 577 kB)

Den endelege planen vil vere digital og interaktiv, tilgjengeleg for alle aktørane i Tysværskulen.

Planen blir sendt ut på høyring til følgjande instansar:

  • Skuleleiarane
  • Den enkelte skule ved
    • Personalet
    • FAU
  • Ungdomsrådet
  • Eventuelt andre aktørar

Innspel/høyringsuttale kan leggjast inn her: Høyring strategiplan

Frist for innspel er 07.05.21.