Hedla rommar barna som er 4-5/6 år, dei eldste barna. Her utvidar me turane, slik at dei eldste får kjenna på mestring, likeins som dei minste. Å bli ansvarsfulle barn der dei blir meir sjølvstendige er ein viktig del av aktivitetane her.

Førskulegruppa kjem igang i november omlag. Her har dei skuleførebuande oppgåver tilpassa si modning. Me prøver kvart år at førskulebarna får nytta bassenget på skulen, slik at dei blir trygge i rutinar der, når dei kjem over i 1.klasse.

Dei har og fadrar på skulen, som dei besøker jevnleg. Fadrane kjem og på besøk til barnehagen. Saman har dei skriftspråkleg stimulering, gjennom bøker og samtalar. Samarbeidet til skulen gjev ein tryggare overgang til det førskulebarna snart skal møta!