Vi er komne til den kalde tida på året og vi rekner med at det vert både snø og glatte vegar framover. Her er litt informasjon om vintervedlikehaldet.

Formål:

  • Halda dei kommunale vegane så trafikksikre som mogleg gjennom vinteren
  • Kommunen har ansvar for å brøyta og strø om lag 124 km kommunal veg, gang-/sykkelveger og fortau, samt offentlege plasser og torg.
  • Kommunens brøyteordning omfattar ikkje snørydding av private areal eller private vegar/innkøyringar.
  • Gardeigarane har ansvar for å rydda og strø tilstøytane fortausareal som ikkje er kommunal grunn.
  • Fylkes- og Europavegane i kommunen er Statens vegvesen sitt ansvar og blir brøytt av maskinentreprenørar som har avtale med Statens vegvesen.
  • Gang - og sykkelvegar langs kommunale vegar blir brøytte av kommunen, og langs riksvegar/fylkesvegar av Statens vegvesen. Fortau langs fylkesvegane har Statens vegvesen ansvar for.

Korleis?

  • Perioden for vinterberedskap er frå 15. november – 15. mars
  • I perioden for vinterberedskap har ein på veg beredskap hele døgnet.
  • Vaktleiaren vurderer vêr- og føreforhold og kallar ut mannskap etter behov.
  • Normalt startar ein ikkje brøyting før det er kommen 8-10 cm med snø

Kvar vert det brøyta no?

Her kan du sjå kor det det vert brøytt og kor lenge sidan det vart brøytt

Prioritering av oppgåvene

  1. Vegar med busstrafikk
  2. Resterande veg
  3. Gang-/sykkelvegar og fortau
  • Normalt vil brøyting og strøing av vegnettet ta 4-6 timar
  • Ved større nedbørsmengde må ein pårekna noko lengre tid

Ditt ansvar som hus/gardeigar

  • Bruk sunn fornuft slik at vi alle er med å bidrar til god og framkommeleg veg.
  • Ikkje parker slik at du står til hinder for brøytebilen og husk at brann- og bossbilar treng minimum tre meter breidde for å komma fram. jf. Vegtrafikklovens § 37.
  • Hus-/ gardeigar skal sjølv fjerne snø etter brøyting og høvling frå privat avkjørsel, jf. Veglovas § 43.
  • Hus-/ gardeigar skal fjerne all vegetasjon på eiga tomt som heng utanfor tomtegrensa og ut i trafikkarealet (fortau/ vegbane), jf. Veglovas § 31. 
  • Hus-/ gardeigar skal ikkje legga snø på trafikkarealet (fortau/ vegbane) etter rydding av eiga tomt, jf. Veglovas § 57. 

Kontaktinformasjon

  • Sentralbordet i normalarbeidstid frå kl 08:00 – 15:00. Utanom opningstidene og helgane kan ein ringa vakttelefon 950 92 777 (betjent frå 15. november til 15. mars)
  • Kommunen har ingen vakttelefon på veg utanom perioden for vintervedlikehald.
  • For fylkesvegar, riksvegar og europavegar har Mesta ansvaret vakttlf. 05200

Kven har ansvar for vegen?

Her kan du finne ut kven som eig og har ansvar for vegen

Zoom i kartet for å finne ut om det er privat (pv), kommunal (kv) eller fylkesvei (fv).

 

Hjullasterryddersnø