Vi treng fleire bøsseberarar

Vil du bidra i kampen mot barneekteskap? Søndag 24. oktober kan du bidra ved å melde deg som bøsseberar.

Kvart tredje sekund vert ei jente gifta bort ein stad i verda. Årets TV-aksjon skal bidra til at jenter får velje si eiga framtid, og vie seg til livet. Vil du vite meir om kva pengene skal gå til kan du lese meir om Plan sitt arbeid mot barneekteskap på www.blimed.no.

Vi treng bøsseberarar i heile kommunen. Vil du vere med å gå årets viktigaste søndagstur? 

Du kan melde deg som bøsseberar på ein av følgjande måtar:

  • registrere deg via www.blimed.no
  • gi beskjed til idrettslaget i ditt område (Nedstrand IL, Skjold IL, Falkeid IL, Førland IL, Stegaberg IL eller Haugaland ryttersportklubb)
  • ta kontakt med kommunekomiteen på telefon 90948891 eller ljfronsdal@tysver.kommune.no