Alle er velkomne til ordføraren si nyttårsmottaking i Storsalen på Tysværtunet laurdag 6. januar 2018 kl. 13.00

I tillegg til ordførar Sigmund Lier sin nyttårstale vil konsernsjef i Haugaland Kraft, Olav Linga, halda gjestetalen. Det blir utdeling av kulturpris, næringslivspris, kulturstipend og annan heider til tysværbuar som har utmerka seg med gode resultat innan idrett eller ved andre samfunnoppdrag i 2017.

Sang og musikk ved Henrik Hundsnes, Jeanett Elise Naley, musikkgruppe frå Tysvær kulturskole og Bokn & Havresekkane.

Fri entre og kaker og kaffi i vestibylen som avslutning.