Statens vegvesen varslar om igangsetting av detaljreguleringsplan for Frakkagjerdkrysset, det vil seia krysset mellom Førresfjordvegen (E134) og Frakkagjerdvegen.

Formålet med planarbeidet er å få plan for korleis dagens rundkøyring i E134 på Frakkagjerd skal kunna byggjast om til eit toplanskryss, det vil seia med av- og påkøyringsramper både på nordsida og sørsida av E134 Førresfjordvegen og med naudsynt kryssing av E134 under Høgahaug bru.

Målsetjinga med planarbeidet er å betra trafikkavviklinga i vegkrysset og betra tilhøva for gåande og syklande som ferdast i kryssområdet og i nærleiken av dette, leggja til rette for nye busslommer på begge sider av E134 og trygg ferdsle til og frå desse busshaldeplassane.

Planlegginga er vurdert i forhold til forskrift om konsekvensutgreiing, og forvaltningsavdelinga i Tysvær kommune har konkludert med at det ikkje er naudsynt med konsekvensutgreiing i samband med planarbeidet. Prosjektet vert sett på som eit naudsynt trafikksikringstiltak for å betra trafikkflyten i E134. Gjennomføringa av planen synes ikkje å få vesentlege negative verknader på miljø og samfunn.

Tiltakshavar er Statens vegvesen som utfører planlegginga i eiga regi. Høyrings-instansar, partar og grunneigarar som har heimel til eigedomar innafor plangrensa og som kan få planlagt tiltak på eigen eigedom, vert varsla om denne plansaka i eige brev.

Nærare informasjon om planarbeidet kan ein få av Statens vegvesen:
Prosjektleiar Harald Abrahamsen, tlf. 51 91 14 15, Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den. 

Vedlegg:
pdf icon  Plangrense - E134 Frakkagjerdkrysset
pdf icon  Teikning C004-02 - Forprosjekt E134 

Merknader, opplysningar eller innspel knytt til det varsla planarbeidet kan sendast til:
Statens vegvesen, Askedalen 4, 6863 Leikanger, Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den. 

Frist for å senda inn merknader er sett til 10. desember 2017.