Det er utfordrande forhold både for gåande og køyrande om dagen. Veret vekslar mellom kaldt og mildt, og nedbøren kjem som snø den eine dagen, og som regn den andre. 

Alt vårt brøytemannskap er for tida ute og brøyter og strør alle kommunale vegar. Dei er på jobb 10 – 12 timar i døgnet. 

I første omgang vert vegane med busstrafikk, gang- og sykkelvegar og fortau prioriterte. Vi prøver også å prioritere bratte områder, og her er det ekstra viktig å få fylt strøsandkassane. På dagar som dette må kvar og ein sko seg etter forholda, enten du skal køyre eller gå. Køyr forsiktig, strø i innkjørselen din, bruk gode sko, gjerne med piggar eller broddar.

Gratis strøsand kan også hentast ved rådhuset i Aksdal.


holkefoere web