Fylkesmannen i Rogaland har utsett fristen for spreiing av husdyrgjødsel frå 10. til 20. august 2018. Dette gjeld føretak som søkjer tilskot til miljøvenleg spreiing av husdyrgjødsel gjennom regionalt miljøprogram. For alle andre gjeld dei vanlege fristane, 1. september utan nedmolding og 1. november ved nedmolding.