Tysvær kommune bytter teleoperatør

Etter ein anbodskonkurranse har Tysvær kommune saman med 33 kommunar og 34 interkommunale selskap inngått avtale med Telia Norge om telefonitenester for mobil og fastnett.  

For Tysvær kommune vil det ta litt tid før alle telefonnummer er kome over på den nye løysinga. I denne overgangsfasen kan det vere at det kan ta litt tid å få tak i rett person. 

Vi vil gjere vårt beste i denne perioden for at personar som ringjer til Tysvær kommune ikkje skal bli berørt av dette arbeidet.