Telltur 2023

Konkurransen har oppstart 1. april 2023. Bli med i trekninga av fine premiar og opplev flott natur i Tysvær! 

Korleis registrerer du turane dine?

For å delta brukar du appen «Norgeskart friluftsliv».

Her registrerer du alle turane dine ved at appen slår ut på posisjonen når du er innan 50 meter frå turmålet og spør om du vil sjekka inn. Meir informasjon om korleis du gjer dette finn du på Telltur sine nettsider

Telltur finn du også turmåla til dei andre medlemskommunane i friluftsområdet. Turane i vår nærregion finn du under mappa Friluftsrådet vest.

Premiering 2023

  • Alle turgåerar med minst 50 ulike turmål får ei lita gåve med TellTur-logo, i samarbeid med Intersport Haugesund.
  • Alle turgåerar med minst 100 ulike turmål får ei gåve med TellTur-logo, i samarbeid med Thermotech.
  • Alle turgåerar født i 2010 eller seinare med minst 25 turmål får ei lita gåve med TellTur-logo
  • Nytt i jubileumssesongen er at det vi og bli premiering  på poeng, ikkje berre på antall unike turmål. Det vil bli trekking av gåvekort blant dei som oppnår minst 100 poeng i løpet av sesongen

Startdato: 01.04.2023 / Sluttdato: 01.11.2023

Årets turmål

 

Trehytte på toppen av Alvanuten - Klikk for stort bildeDagsturhytta på Alvanuten