Hjula rullar i Tysvær bedriftane – for helse og klima

Frå 01.04.19 t.o.m. 31.10.2019 blir det arrangert ein lokal "sykle til jobben"-aksjon i Tysvær kommune. Alle som jobbar i ei bedrift som ligg i Tysvær kan delta.

Det er ikkje alle som kan sykla til jobb, og det er derfor lagt opp til at ein kan skaffa seg poeng ved å sykla på fritida, delta i sykkelritt arrangert i Tysvær og/eller delta i dugnad knytta til eitt eller fleire av sykkelritta i Tysvær.

Alle som oppnår 60 poeng i løpet av aksjonsperioden, er med i trekninga av flotte premiar. Det blir blandt anna trekt sykkel, sykkelutstyr og gratis deltaking i lokale sykkelritt. 

Informasjon om kampanjen
 
Registreringsskjema
 
Sykkel