Stortings- og sametingsvalet 2021 - Manntalet er lagt ut til offentleg ettersyn

Fra og med 16. juli er manntalet lagt ut til offentleg ettersyn.

Manntalet for Tysvær kommune er no lagt ut til offentleg ettersyn i Servicetorget på rådhuset, og vert liggande ute til og med valdagen 13. september.

Manntalet er ei oversikt over alle som har stemmerett i ein kommune. For å kunna stemma må du vera innført i manntalet. Alle med stemmerett vert automatisk ført inn i manntalet i den kommunen dei har registrert bustadadresse i folkeregisteret pr 30. juni i valåret.

Merk at dersom du flyttar til ein annan kommune etter 30. juni, vil du fortsatt vera registrert i manntalet og ha stemmerett  i den kommunen du flytta ifrå.

Dersom du vil sjekka opplysningar om deg sjølv i manntalet, kan du ta kontakt med Servicetorget på telefon 52 75 70 00, eller komma innom oss i opningstida.

Servicetorget har opent alle kvardagar mellom kl. 08.00-15.30.

Meir informasjon om manntalet finn du her.