Ingen smitta i Tysvær kommune

Tysvær kommune har inntil 03.08.2020 registrert 21 personer som har testa positivt for korona. Samtlege er blitt friske og det er ikkje registrert nye tilfeller. Kommunen har hatt stort fokus på å avgrense smittespreiing, særleg gjeld dette helsepersonell og besøk på helseinstitusjonane. Sjå eigne reglar som gjeld besøk ved institusjonane.

Tysvær kommune hadde ved eit tilfelle eit helsepersonell som testa positivt for korona i juli. Vedkomande blei raskt isolert og det blei sett i verk effektiv smittesporing og mange tilsette blei testa og sett i karantene. Ingen øvrige helsepersonell eller brukarar teste positivt for korona.

Smitte i Sveio og på Hurtigruta

Det er nå ein smittesituasjon i Sveio, det er ingenting som tyder på at dette har forgreiningar i Tysvær. Men det er all grunn til å vera svært nøye med alle gjeldande smittevernreglar: Vaske hender ofte, halde avstand og halde seg heime når ein er sjuk.

I media er det nå også fokus på smitte på Hurtigruta der personell er stadfesta smitta for korona og alle passasjerar skal dermed i karantene. Denne situasjonen omfattar også to innbyggjarar frå Tysvær kommune. Dei det gjeld er informert og får god oppfølging frå koronasentralen i kommunen.

Koronasentral i Tysvær kommune

Tysvær kommune etablerte tidleg i mars koronasentral som har vore tilgjengeleg for innbyggjarane for råd og rettleiing, testing, smittesporing og oppfølging av dei som er smitta. Dersom ein lurer på om ein er smitta kan du ta direkte kontakt med koronasentralen. Tysvær kommune har god kapasitet og har lav terskel for å testa. Koronasentralen er felles for Tysvær og Sveio kommune.

Alle må hjelpe til for å ivareta dei mest sårbare

Som de kjenner til er det aldersgruppa 65+ som vert hardast ramma ved koronasjukdom. Derfor er det svært viktig at alle bidrar til at desse ikkje vert smitta. Det er enten helsepersonell eller besøkjande som kan dra smitte inn på institusjonane eller til heimebuande. Det er stort fokus på smittevern, og streng hygiene vert praktisert av kommunen sitt helsepersonell. Det blir gjort mange ulike tiltak kvar dag for å hindra smitte. Kommunen minner også helsepersonell på at ein må tenkje ansvarleg smittevern kontinuerleg, også når ein ikkje er på jobb, for å kunne beskytta dei mest sårbare. Dersom helsepersonell har vore i utlandet skal ein avtala med sin leiar om korleis det skal handterast i kvart enkelt tilfelle. Kommunen fylgjer Folkehelseinstituttet sine reglar, men vil i nokon tilfelle praktisera reglane ennå strengare. Det er svært få dette gjeld, og kommunen har god oversikt.

Institusjonane i Tysvær kommune er åpent for besøk av pårørande, ved at ein avtaler på førehand besøket og institusjonen sikrar at smittevernreglane vert praktisert. Sjå reglane her - som gjeld besøk. Det er også viktig at alle innbyggjarar framleis er med på dugnaden å praktisera smittevernreglane i det daglege. Det er viktig at vi ikkje går lei. Då kan reglane fort bli enda strengare, og det er ikkje ynskjeleg.

Kommuneoverlege har det overordna ansvaret

Kommuneoverlegen har det overordna ansvaret for smittevern i kommunen. Fokuset er ikkje berre helsepersonell, men alle situasjonar som det skal tas avgjersler i og sikra at kommunen praktiserer myndighetene sin pålegg og råd som gjeld pandemien i alle saker. Kommuneoverlegen og administrasjonen har dialog med omliggjande kommunar om korleis ulike situasjonar kan handterast. Ulike situasjonar kan krevje ulike tiltak.

Takk for innsats – også framover

Kvar og ein innbyggjarar har eit ansvar for at det er lite smitte i Tysvær kommune. Kommunen vil takka for innsatsen og oppfordra alle til å halde fram med det gode arbeidet for å hindra smitte blant innbyggjarane. Kvar og ein sin innsats kan utgjera ein stor forskjell.

Har du spørsmål? Ta kontakt lokalt på tlf. 52 75 74 00, eller på Helsenorge sin informasjonstelefon, 815 55 015. Er du sjuk - ring legevakt 116 117.

Vask hender – hald avtstand.

 

Koronavirus