Produksjonstilskot i landbruket – utvida søknadsfrist 2018

Landbruksdirektoratet har innført utvida søknadsfrist for søknadsomgangen 2018. Del 2 av søknad om produksjonstilskot får søknadsfrist 29. oktober 2018. I tillegg opnast det for at søkjarar som ikkje leverte del 1 (frist 15. mars 2018) kan levere denne fram til 29. oktober 2018. Det opnast også for at føretak som søkte innan fristen 15. mars kan leggje til eller endre opplysningar fram til 29. oktober 2018. For søknad eller endring av del 1 er det laga papirskjema som kan lastast ned frå landbruksdirektoratet sine nettsider. Du kan også få søknadsskjema frå landbrukskontoret.

Meir informasjon finst på landbruksdirektoratet sine nettsider; https://www.landbruksdirektoratet.no/no/produksjon-og-marked/produksjonstilskudd/soknad-om-produksjonstilskudd