Ordføraren inviterer til nyttårsmottaking i Storsalen på Tysværtunet laurdag 4. januar 2020 kl 13.00.

I tillegg til ordføraren sin nyttårstale vil Zekiye Nyland halda gjestetalen. I tradisjonen tru vil ein også trekkja fram tysværbuar som har utmerka seg i 2019 med gode resultat, samt utdeling av kulturpris, kulturstipend, frivilligpris og næringslivspris.

Blest, Brage K. Halsnes og Friskis band står for dei musikalske innslaga.

Fri entrè og kaker og kaffi i vestibylen som avslutning.

Vel møtt!

 

fireworks 574739 1280