Ordføraren inviterer til nyttårsmottaking i Storsalen på Tysværtunet laurdag 5. januar 2019 kl 13.00

I tillegg til ordføraren sin nyttårstale vil Arne Valen frå Kirkens bymisjon halda gjestetalen. I tradisjonen tru vil ein også trekkja fram tysværbuar som har utmerka seg i 2018 med gode resultat. Frivilligprisen, Byggeskikkprisen, Næringslivsprisen og kulturstipend og annan heider vert delt ut.

Britt Synnøve Johansen, Nesta Petrauskaite og Henrik Sebastian Mikkelsen står for dei musikalse innslaga.

Fri entre og kaker og kaffi i vestibylen som avslutning. Vel møtt!

 

ordforar