I samsvar med § 12-8 i Plan og bygningslova, vil me med dette informere om at Omega Areal as på vegne av Sigve Gismarvik og Roy-Magnus Ytterøy skal utarbeide forslag til reguleringsplan for naust og småbåthamn med tilhøyrande anlegg innanfor gnr./bnr. 60/24 mfl., i Tysvær kommune. Planområdet er ca. 11 dekar og går fram av vedlagte kart.

Området er i arealdelen til kommuneplanen sett av til kombinert busetnad og anleggsføremål, småbåthamn og LNF-område. Føremålet med planarbeidet er å leggje til rette for naust og utviding av eksisterande småbåthamn med tilhøyrande tilkomst og parkering.

Området er av Tysvær kommune vurdert til ikkje å utløyse krav om konsekvensutgreiing (KU), då reguleringa for det meste vil vere i samsvar med kommuneplanen.

For nærare informasjon kan du kontakta Omega Areal as, tlf 975 40 000.

Eventuelle merknader til oppstart av planarbeidet kan sendast til

Omega Areal as, Kvassanesvegen 4, 5582 Ølensvåg eller Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den. - innan 15.05.2018.

 

Etter at meldingsfristen er ute vil sjølve planforslaget verte utarbeidd og innsendt til kommunen. Etter første gongs handsaming vert planen utlagt til offentleg ettersyn. Det vil då vere høve til å komma med eventuelle merknader til planforslaget før endeleg handsaming av planen.

 

Vedlegg:

- oversiktskart 1

- oversiktskart 2

- varslingskart

- tinging av oppstartsmøte

- referat ifrå oppstartsmøte