Oppmoding om å ta hurtigtest før skulestart

Alle tilsette i barnehagar og alle elevar og tilsette i barneskular, ungdomsskular, vidaregåande skular og vaksenopplæringa vert oppmoda av sentrale myndigheiter om å testa seg med ein hurtigtest innanfor 24 timer før dei går på jobb eller skule fyrste dag etter juleferien.

Helsedirektoratet har bede kommunane om å prioritera ein hurtigtest til alle elevar og tilsette i kommunens barnehagar og skular til dette formålet.

Formålet med at alle tilsette og elevar testar seg, er å fange opp smitte før oppstart i barnehagar og skular.

Tysvær kommune vil fylgje denne oppmodinga, og legg til rette for utdeling av hurtigtest på fylgjande tidspunkt og stadar:

For elevar og tilsette ved Nedstrand barne- og ungdomskule:

  • Fredag 31.12.21 kl. 11:00-13:00 på skulen

Det vil også kunne hentast hurtigtestar på Tveit Vidaregåande skule søndag 02.01. på kveldstid for dei som ikkje har anledning å hente fredag. Tidspunkt vil verte nærare annonsert.

Oppdatert: Hurtigtestar til elevar i Nedstrand kan også hentast på Tveit 02.01 mellom kl. 17:00 og 18:00. 

For andre tilsette i kommunens barnehagar og skular, samt elevar frå 1.-10.trinn

Koronasentralen i Aksdal

  • Fredag 31.12.21 kl. 12:00-15:00  
  • Søndag 02.01.22 kl. 12:00-17:00

Det vert lagt opp til drive-through henting, ved at ein køyrer gjennom testteltet ved koronasentralen og får utdelt det antal hurtigtestar ein treng til formålet. Det vert delt ut éin hurtigtest per barn/vaksen. Alle som skal hente hurtigtest må bruke munnbind.

For elevar ved Tysvær opplæringssenter:

Desse vil få eigen melding om korleis hurtigtesting før oppstart vil foregå.

Om tilsette og elevar har hurtigtestar liggjande heime, kan ein bruke desse i staden for å hente i kommunen.

Unntak frå testing

Dei som har hatt covid-19 dei siste tre månadane, eller har fått oppfriskingsdose for minst 7 dagar sidan, treng ikkje test seg.

Positiv hurtigtest?

Om testen er positiv, må eleven eller den tilsette halde seg heime og isolerast. Positive hurtigtestar kan meldast inn til koronasentralen på vaktnummer 48066497. Åpningstider kl. 08:30-20:00 på kvardagar, laurdag 12:00-16:00 og søndag 13:00-15:00. Ein positiv hurtigtest bør bekreftast ved PCR-test- dette kan bestillast digitalt på Helseboka