Telia og Tysvær kommune har bygd ny mobilmast på Solbergnuten, så nå er mobildekning og mobilt breiband på plass i området.

Mobilmasta har vore i drift frå 18.5.2018 og onsdag besøkte Erik Kværnmo frå Telia kommunen og overleverte anlegget til ordførar Sigmund Lier og plansjef Linda Christine Olsen. Etableringa er eit samarbeidsprosjekt mellom kommunen og Telia der Telia fekk tildelt oppdraget etter forespørsel til fleire.

Betre mobildekning på Sandbekken er eit viktig beredskapstiltak for Tysvær kommune. Her er det leirskule, museumstun og friomåde der mange barn, unge og eldre samlast i sommarhalvåret. Heskjadalen har mange gardsbruk og hytter, og mange nyttar friområda og mulegheitene for å padle på Storavatnet.

Tysvær kommune er svært glade for at mobilmasta som gir 4G++ dekning for tale og data er på plass, og at Telia signaliserer at dei vil arbeide med å betre dekninga og i andre deler av kommunen. Her er kart som viser dei områda som vil vil få signal frå den nye mobilmasta.  

mobildekning sandbekken2.pngFoto: Tysvær Bygdeblad

pdf icon  Kart over dekningsområde