Mobbeombodet for barnehage og grunnskule

Mobbeombodet kan bistå barn og unge som ikkje har det trygt og godt i barnehagen eller på skulen. Marit Nygård Roth er mobbeombod i Rogaland, og her er litt informasjon om hennar rolle.

Mobbeombod i Rogaland Marit Nygård Roth - Klikk for stort bildeMobbeombod i Rogaland Marit Nygård Roth

 

 

Mobbeombodet for barnehage og grunnskule i Rogaland jobbar for å sikra at alle barn og elevar har det trygt og godt i barnehagen og på skulen, og at deira rettigheiter blir ivaretatt.

Fortel om mobbeombodet 

Mange barn, unge og deira foreldre opplever å bli høyrt når dei fortel barnehage og skule om manglande trivsel eller andre forhold som gjer dagen vanskeleg.

MEN det er også dessverre mange som opplever å stå aleine i ein slik situasjon. Når dialogen er vanskeleg, kan råd og rettleiing frå mobbeombodet vera eit alternativ. 

Inviter mobbeombodet til ei samling

De som møter barn og unge heilt eller delvis utanfor barnehage og skule, treff også jamleg menneske i sårbare situasjonar, og der forhold kan henga saman med korleis dei har det i barnehagen og på skulen.

Mobbeombodet ønsker difor gjerne å bli invitert på besøk for å helsa på, og for å fortelja om rolla som mobbeombod. Omboda har lang erfaring i å delta med innlegg, føredrag og work shops på leiarsamlingar, personalmøte, FAU-møte, foreldremøte og elevråd. 

Tema mobbeombodet kan bidra med

  • Korleis få til eit godt samarbeid mellom barnehage, skule, SFO og føresette?
  • Korleis arbeida for å bygga venskap i klassen?
  • Korleis fremma eit trygt og godt miljø for å unngå krenking som mobbing, trakassering og utestenging?
  • Sosiale medier – korleis kan skule og føresette vera til hjelp og støtte for barn og unge?
  • Barnet sitt beste – korleis jobba for å sikre at barnet blir høyrt?
  • Andre tema knytt til godt psykososialt miljø

Mobbeombud – kva er det?

Ombudsordninga er i alle fylker, og er uavhengige ressurspersonar for barn, foreldre og tilsett i barnehage, skule og SFO. Det er viktig at barn og foreldre kjenner til ombodsordninga. Å delta med innlegg, føredrag, samt råd og rettleiing er ein viktig del av arbeidet. 

Ta kontakt

Ta gjerne kontakt med mobbeombodet for spørsmål eller for å avtale eit besøk:

Marit Nygård Roth
Mobbeombod for barnehage og grunnskule i Rogaland
Mobil: 45 44 59 89
marit.nygaard.roth@rogfk.no
https://www.facebook.com/mobbeombudrogaland
www.rogfk.no
 

Les Mobbeombodet sitt nyheitsbrev for august 2022 her (PDF, 431 kB)