Medvirkning i forbindelse med dagsturhytta i Tysvær

Snart kjem "dagsturhytta" til Tysvær, nærare bestemt på Alvanuten! Vi gler oss til å få realisert prosjektet, og no ynskjer vi dine innspel til kva hytta skal heite. Vi vil også invitere lag og organisasjonar i Tysvær som kan være interesserte i å ha eit ekstra ansvar for hytta, til å bli ein såkalla tilsynsorganisasjon. 

Dagsturhytteprosjektet starta i tidlegare Sogn- og Fjordane fylkeskommune med mål om å bidra til å skape ein sosial møteplass og få fleire ut på tur i sitt nærmiljø. No står Rogaland fylke for tur.

Sparebankstiftelsen SR-bank tok initiativ til å realisere dagsturhytteprosjektet i Rogaland og inngjekk eit samarbeid med Rogaland fylkeskommune i 2020. Målet var 23 hytter i fylket innan utgangen av 2022 og alle kommunane vart invitert til å vere med på prosjektet. Status våren 2021 er at samtlege kommunar har takka ja.

Hyttene har eit felles design og er på 15 kvadratmeter innvendig, med ein enkel utforming med ei dør og vindauger. Dei har brent kledning og aluminiumsbekledde vindauger, slik at hyttene er ganske vedlikehaldsfrie. I tillegg til å vere eit turmål i seg sjølv, bidreg eit bibliotek i hytta til å gje ei turoppleving utover det vanlege.

Målet med dagsturhyttene er å

• Skape ein sosial møteplass i naturen

• Få fleire på tur og oftare på tur

• Dagsturhytta skal bli ein attraksjon i seg sjølv

• Ein stad å søkje ly og ete nista

Navneforslag

I forbindelse med at dagsturhytta kjem i Tysvær, lokalisert på Alvanuten, er det ønskje om innspel på kva hytta skal heite. Alle dagsturhyttene i Noreg har eit navn, og vi vil gjerne høyre fra deg. Navneforslag kan sendast til Geir.Stakkestad@tysver.kommune.no innan utgangen av august. Du kan også enkelt leggje inn forslag i den nye medvirkningsportalen til Tysvær kommune

Tilsynsorganisasjon

I alle kommunar der dagsturhytta er etablert, er det eit samarbeid mellom kommuna og ein eller fleire frivillige organisasjoner om tilsyn med hytta. Å være ein tilsynsorganisasjon betyr i praksis at organisasjonen har hovedansvar for å halde eit jevnleg tilsyn med hytta, utføre enkelt vedlikehald, rydding og liknande. No er det moglegheiter for lag og organisasjoner i Tysvær å melde sin interesse. Den/dei som vert valgt ut vil få eit årleg tilskot for oppgava. Så er din organisasjon interessert- ta kontakt med idrettskonsulent Geir Stakkestad på Geir.Stakkestad@tysver.kommune.no innan utgangen av august. 

Les meir om prosjektet i Rogaland og Tysvær her.

Klikk for stort bildeFoto: Stig Roger Eide