Eldre og uføre busett i Tysvær kommune kan no søkja om tildeling av legatmidlar som skriv seg frå følgjande legatar: Samson Høllands legat, Nils Hess Klingenbergs legat, Louise Stolt-Nielsens Legat og Lars og Torborg Melkevigs legat.

Det kan søkast om midlar til tiltak som kan gjera det lettare for eldre og uføre å klara seg sjølv, anten det er i eigen heim eller ved opphald i kommunen sine institusjonar. Einskildpersonar som ikkje høyrer til gruppa eldre og uføre, kan og søkja om midlar til tiltak for å koma over ein vanskeleg livssituasjon.

I søknaden må det opplysast om kva tiltak ein søkjer midlar til og kva kostnaden blir.

Er det behov for ytterlegare opplysningar om legatet kan ein venda seg til Helse- og førebyggingssjef Jorid Vea Isdahl, tlf. 52 75 86 31.

Søknad blir innan 06. november 2017 å senda til:
Legatstyret, Legat for eldre og uføre i Tysvær kommune,
v/ Helse- og førebyggingssjef Jorid Vea Isdahl, Tysvær kommune, Postboks 94, 5575 Aksdal eller Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.