Last ned appen Smittestopp

I dag og fram til torsdag blir det sendt ut over 4 millionar sms-ar om appen Smittestopp. I appen kan du gje og få melding om smitte. Det er særleg viktig at alle som har appen og som testar positivt, melder frå om det i Smittestopp.

Vi ventar ein stor smitteauke i vekene framover, og kvar einskild av oss skal no i større grad seie frå om smitte til nærkontaktane sine. Ved å melde frå gjennom Smittestopp oppnår du i tillegg at nærkontaktar du ikkje kjenner til får melding. Og du får sjølv melding dersom du har vore i nærleiken av nokon som er smitta, seier direktør Camilla Stoltenberg i FHI.

For å melda om smitte, må positiv test vera teke på teststasjon og vera registrert i Meldingsysstem for smittsame sjukdommar, MSIS. Det betyr at du ikkje meldar om positiv hurtigtest via appen.

Sterkt personvern

Smittestopp er lasta ned over 1,1 millionar gonger, og talet som melder seg smitta i appen har auka kraftig dei siste vekene. Smittestopp har særs sterke personverninnstillingar. Informasjonen om andre app-brukarar du møter vert lagra som anonyme kontaktnøklar på din eigen telefon. Appen sender ikkje data til andre før du sjølv eksplisitt melder deg smitta og samtykkjer til å sende data. Appen gjer at du lett kan varsle nærkontaktar, kjende og ukjende, heilt anonymt, om at du har blitt smitta.

Lite inngripande tiltak

–  Det er ikkje mogleg å stanse smittebølgja som kjem, men vi kan bremse ho med minst mogleg inngripande tiltak. Smittestopp er eit slikt tiltak. Appen blir meir effektiv jo fleire som brukar han, og det er difor vi igjen oppmodar alle til å laste han ned, seier Camilla Stoltenberg.

Smittestopp verkar

Ut frå testar av appen som FHI og selskapet Netcompany gjorde før lansering, med simuleringar av buss-transport og butikk-kø, veit vi at Smittestopp oppdagar over 90 prosent av nærkontaktane dersom alle bruker Smittestopp.

Appen oppdager fleire nærkontaktar når han er i handa og ikkje i lomma, og Android-telefonar oppdagar nokon fleire nærkontaktar enn iPhonar.

Fleire språk

Appen er tilgjengeleg på 8 språk (engelsk, arabisk, litauisk, polsk, somali, tigrinja og urdu) i tillegg til nynorsk og bokmål.

Les meir om Smittestopp og last ned appen hos FHI