SMARTE FORELDRE KURS er eit gruppebasert rettleiingsprogram for foreldre som har engstelege og/eller triste barn, i alder opp til 18 år.

Kurset vert arrangert av helsestasjons-/og skulehelsetenesta, og går over 5 ettermiddagar:

1. sept, 8. sept., 15. sept, 29. sept og 13. okt. 

Tidspunkt: kl 16-18

Stad: Møterom i underetasjen på Helsesenteret i Aksdal

Påmelding: Audhild D Frøyland, mob. 905 57 986                                

Pris: 400,- kr. for kursmateriell og kaffe/te

Kursansvarlege:

  • Hilde Elisabeth Vedø, psykolog, tlf.: 481 53 427
  • Ingebjørg Stokka, fagkonsulent psykisk helseteam barn/familie, tlf.: 482 36 939


Om kurset:
Kurset si målsetting er å gje foreldre støtte og kunnskap å lettare handtere barn som er engstelege og/eller triste. Utgangspunktet er at foreldre er ein viktig ressurs og ein rollemodell for barnet sitt. Virkemiddelet er i hovudsak å gje kunnskap om angst og depresjon, og legge til rette for bygging av nettverk og sosial støtte. Foreldra kan utveksle idear og erfaringar om korleis dei kan støtte barna sine i å meistra angst og depresjon.

Programmet er evaluert fleire gonger med gode resultat, og viser korleis ein kan forstå og handtera emosjonelle problem. 

SMARTE FOREDLRE er utarbeidet av Simon-Peter Neumer ved Regionsenter for barn og unges psykisk helse (RBUP) i samarbeid med organisasjonen Voksne for Barn.

Ta kontakt om du ønsker meir informasjon eller ønsker å melde di interesse!

Helsestasjons-/og skulehelsetenesta, avdelingsleiar Kjerstin W. Hagland


smarte foreldre