SMARTE FORELDRE KURS er et gruppebasert veiledningsprogram for foreldre som har engstelege og/eller triste barn, i alder opp til 18 år. Det er Helsestasjons-/og skulehelsetenesta som arrangerer kurset.

Haust 2019

Kurset går over 5 kveldar – 2 timars økter.

Tid: kl 16-18   Dato: 18.9, 25.9, 2.10, 16.10 og 23.10.
Stad: Møterom i underetasjen på Helsesenteret i Aksdal
Påmelding: Audhild D Frøyland, mob. 905 57 986

Pris: 400,- kr. for kursmateriell og kaffe/te

Kursansvarlege:

  • Marit H. S. Johnsen, psykologspesialist, tlf.: 991 56 797
  • Ingebjørg Stokka, fagkonsulent Psykisk helseteam barn/familie, tlf.: 482 36 939

Om kurset:

Kurset/programmet si målsetting er å gi foreldre støtte og kunnskap til lettare å handtera barn som er engstelege og/eller triste. Utgangspunktet er at foreldre er ein viktig ressurs og ein rollemodell for barnet sitt. Virkemiddelet er i hovudsak å gi kunnskap om angst og depresjon, og legga til rette for bygging av nettverk og sosial støtte. Foreldrene kan utveksla idear og erfaringar om korleis dei kan støtta barna sine i å meistra angst og depresjon.

Programmet er evaluert fleire gonger med gode resultat. Programmet viser korleis ein kan forstå og handtera emosjonelle problem, og det eignar seg til å forebygga utvikling av angst og depresjon hos barn og ungdom.

SMARTE FOREDLRE er utarbeidet av Simon-Peter Neumer ved Regionsenter for barn og unges psykisk helse (RBUP) i samarbeid med organisasjonen Voksne for Barn.

Ta kontakt om du ønsker meir informasjon eller ønsker å melda di interesse!

 

smarteforeldre