SMARTE FORELDRE KURS er et gruppebasert veiledningsprogram for foreldre som har engstelege og/eller triste barn, i alder opp til 18 år. Det er helsestasjons-/og skulehelsetenesta som arrangerer kurset.

Tid: onsdagar kl 18.00 – 20.00
Dato: 6. feb., 13. feb., 20. feb., 6. mars og 20. mars 2019
Stad: underetasjen på Helsesenteret i Aksdal
Påmelding: Audhild D Frøyland, mob. 905 57 986

Pris: 400,- kr. for kursmateriell og kaffe/te

Kursansvarlege:

  • Marit H. S. Johnsen, psykologspesialist Tlf.: 991 56 797
  • Audhild D: Frøyland, fagkonsulent Barn-/Familieteam Tlf.: 905 57 986

Om kurset: 
Kurset si målsetting er å gi foreldre støtte og kunnskap til lettare å handtera barn som er engstelege og/eller triste. Utgangspunktet er at foreldre er ein viktig ressurs og ein rollemodell for barnet sitt. Virkemiddelet er i hovudsak å gi kunnskap om angst og depresjon, og legga til rette for bygging av nettverk og sosial støtte. Foreldrene kan utveksla idear og erfaringar om korleis dei kan støtta barna sine i å meistra angst og depresjon. 

Kurset er evaluert fleire gonger med gode resultat. Kurset viser korleis ein kan forstå og handtera emosjonelle problem, og eignar seg til å forebygga utvikling av angst og depresjon hos barn og ungdom. 

Ta kontakt om du ønsker meir informasjon eller ønsker å melda di interesse!

 

smarteforeldre