Livreddande førstehjelp

Munn-til-munn heitte det i gamle dagar. Livreddande førstehjelp eller hjarte-lunge-redning (HLR) heiter det nå. Dersom ein person fell om med hjartestans, viser det seg at det viktigaste ved HLR er at ein held blodsirkulasjonen i gong med å trykka på brystet. Det er nok surstoff i kroppen til om lag 10 minuttar pustestans – dersom ein klarer å få blodet til å transportera surstoffet rundt.

Hjernen er mest sårbar

Me klarer greitt å halda pusten nokre minuttar, men etter dette byrje hjernen å ta skade. HLR auker sjansen for overleving ved hjertestans utafor sjukehus med 500%!

Kan ikkje venta på helsepersonell

Sjølv med blålys kan det gå over 10 minuttar før helsepersonell er framme til den som har falle om. Det er derfor viktig at me alle kan, og tør, starta med HLR så snart som råd er.


PÅMELDING: Ring servicetorget på  52 75 70 00 eller send e-post til Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

NB! Husk å oppgi mobilnummeret ditt ved påmelding via e-post (i tilfelle kurset blir avlyst).



hlr2