Gratis kurs i livreddande førstehjelp måndag 12. mars 2018 kl 18 – 20 i underetasjen ved Aksdal Helsesenter.

Livreddande førstehjelp

Munn-til-munn heitte det i gamle dagar. Livreddande førstehjelp eller hjarte-lunge-redning (HLR) heiter det nå. Dersom ein person fell om med hjartestans, viser det seg at det viktigaste ved HLR er at ein held blodsirkulasjonen i gong med å trykka på brystet. Det er nok surstoff i kroppen til om lag 10 minuttar pustestans – dersom ein klarer å få blodet til å transportera surstoffet rundt.

Hjernen er mest sårbar

Me klarer greitt å halda pusten nokre minuttar. Verdsrekorden er visstnok sju minuttar. Etter dette tar hjernen skade. HLR auker sjansen for overleving ved hjertestans utafor sjukehus med 500%!

Kan ikkje venta på helsepersonell

Sjølv med blålys kan det gå over 10 minuttar før helsepersonell er framme til den som har falle om. Det er derfor viktig at me alle kan, og tør, starta med HLR så snart som råd er.


PÅMELDING: Ring servicetorget på  52 75 70 00 eller send e-post til Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

NB! Husk å oppgi mobilnummeret ditt ved påmelding via e-post (i tilfelle kurset blir avlyst).

Video

Jan Kåre Ness har laga ein film frå kurset, slik at du kan læra deg førstehjelp når det passar deg.