Kulturpris og kulturstipend 2024

No er tida inne for å søkje kulturstipend, eller nominere aktuelle kandidater for kulturprisen 2024.

Kulturprisen 2024

Tysvær levekårsutval ønskjer å dele ut kulturpris som ei påskjønning til ein person eller eit lag som har gjort ein særleg verdfull innsats på kulturområdet i Tysvær.

Organisasjonar eller einskildpersonar kan sende inn grunngjeve framlegg til kandidat til: post@tysver.kommune.no eller: Tysvær kommune, Postboks 94, 5575 Aksdal.

Frist: 15. oktober 2023

Kulturstipend 2024

Tysvær levekårsutval kan gje stipend til kulturarbeidarar i kommunen. I søknad om stipend må ein gje opplysningar om vanlege personalia, eigen plass i det lokale kulturliv, målet med stipendet og korleis det er tenkt nytta. Stipendet kan gjevast til ein person eller delast på fleire. I særskilde tilfelle kan stipendet delast ut til lag.

Søknad sender ein til: Tysvær kulturkontor, pb 94, 5575 Aksdal eller post@tysver.kommune.no

Søknadsfrist: 15. oktober 2023