Kraft frå land til oljefelta NOA og Krafla. Høyring og invitasjon til møte.

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har motteke melding med forslag til utredningsprogram frå Equinor, Aker BP og LOTOS Exploration and Production for en kraftforbindelse mellom land og dei planlagt nye oljefelta NOA og Krafla.

Equinor, Aker BP og LOTOS har utarbeida melding med forslag til utgreiingsprogram i medhald av reglane i KU-forskrift og NVE sin rettleiar for melding om nettanlegg. Målet med meldinga er å gje ei tidleg varsling av tiltaket. NVE vil fastsette eit utredningsprogram som skal dekke nødvendige utredningar av konsekvensane for heile  kraftforbindelsen frå land og ut til plattformene. Gjennom høyring av meldinga ønskjer NVE å få innspel til kva for utgreiingar som bør gjennomførast før konsesjonssøknad om bygging og drift av anlegget etter energilova og havenergilova vert utarbeida.

Fråsegner til meldinga må sendast NVE innan 4. juni 2021.

Skjema for fråsegner finn du på NVE sine nettsider. Fråsegner kan òg sendast som e-post til nve@nve.no eller som brev til NVE, Postboks 5091, Majorstuen, 0301 OSLO.

NVE vil halde orienteringsmøte for lokale og regionale styresmakter i dei aktuelle kommunane.

Det vil bli held tre kommunemøte, eit møte for kvart melde alternativ for tilknyting. Under er ein oversikt over møta, og dei inviterte kommunane. Kommunane i feit skrift er dei som bli råka av landanlegg. Dei andre vil bli påverka av sjøkablane. Møta er avtalt med kommunane påverka av landanlegg. Dei andre kommunane er invitert til møtet for deira alternativ. Dersom nokon av disse kommunane ønsker å delta i eit av møta, eller ønsker eit eiget møte, bes de ta kontakt med saksbehandlar i NVE.

Alternativ i meldinga 

Påverka kommunar

Dato for møte

1

Øygarden

23. april

2

Samnanger, Fitjar, Bjørnafjorden, Tysnes, Bergen, Øygarden, Austevoll

30. april

3

Utsira, Karmøy, Tysvær, Bokn

30. april


Vi håper på brei deltaking både frå politisk leiing og administrasjonen i kommunen, inkludert representantar for det faste utvalet for plansaker. Representantar frå Statsforvaltaren i Vestland og Rogaland og Vestland og Rogaland fylkeskommune er med dette invitert til dei aktuelle møta. Ta kontakt med saksbehandlar for digital invitasjon.

På møta vil NVE vil orientere om handsaminga av meldinga og forslag til utgreiingsprogram. Equinor
og Aker BP vil vere representert og orientere om planane.

NVE held òg eit offentleg digitalt møte torsdag 6. mai kl. 19:00.

Informasjon om det offentlege digitale møtet, og meldinga med forslag til utgreiingsprogram er tilgjengeleg på NVE sine internettsider www.nve.no/kraftledninger.

Meldinga

Aker BP, Equinor og LOTOS planleggar en utbygging av lisensane Krafla, Fulla og Nord for Alvheim (NOAKA), har begynt å planlegge landstrømanlegg til de nye oljefelta.

De melder tre ulike traséalternativ. I det første alternativet melder Aker BP og Equinor en separat transformatorstasjon ved sida av eksisterande transformatorstasjon på Kollsnes, og ein sjøkabel ut til NOAKA-området. I det andre alternativet meldes det ein kraftleidning frå Samnanger transformatorstasjon til ein ny stasjon ved Barmen. Derifrå vil sjøkablane enten gå direkte til NOAKAområdet, eller via ein mellomstasjon på Leirpollneset i Fitjar kommune. Det tredje alternativet går frå Gismarvik transformatorstasjon i Tysvær kommune til ein ny transformatorstasjon på Nordvik på Utsira eller Sjovika på Karmøy. Det er meldt fleire ulike alternativ frå Gismarvik til disse stasjonane.

Kraftbehovet til plattformene vil være 40 MW i 2026 med ein opptrapping til 140 MW i 2029.

Aker BP og Equinor grunngir tiltaket med at en elektrifisering av produksjonsplattformene vil vesentleg redusere behovet for å drifte anlegga med gass og gi en betydeleg reduksjon i CO2-utslippene frå plattformene, tråd med nasjonale målsettingar.